Strategiplanen ble vedtatt av Wikimedia Norges årsmøte 04.02.2023.

Visjon

Wikimedia Noreg skal vera ein synleg forkjempar for kunnskapsdeling og open tilgang til informasjon. Wikimedia Noreg skal vera den leiande norske organisasjonen for alle som støttar nettverket av Wikimedia-prosjekt.

Om strategiplanen og arbeid for å nå måla

Strategiplanen er gjeldande for perioden 2023-2028. Ved behov kan planen reviderast. Ved større strategiske revideringar skal strategiplanen handsamast på årsmøtet.

Arbeidet med å nå måla i strategiplanen vil bli fulgt opp med årlige handlingsplanar der punkt under dei ulike temaa planen ligg opp til, vil bli prioritert.

Overordna mål

I strategiperioden har Wikimedia Noreg desse måla:

  • Auke tilgangen til informasjon frå arkiv, bibliotek og andre offentlige ressursar, til bruk for alle.
  • Støtte opp om og styrke fellesskapet av medlemmar og Wikimedia-prosjekta sine frivillige og lesarar
  • Auke kvaliteten og mangfaldet i Wikimedia-prosjekta, særleg på bokmål, nynorsk og nordsamisk
  • Vera ein aktiv deltakar i internasjonalt wikiarbeid
  • Vera ein profesjonell frivillig organisasjon, som arbeider for ein sunn økonomi, aktiv medlemsrøkting og gode langsiktige planar
  • Vera ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for aktuelle delar av ABM (arkiv, bibliotek og museum)-  og utdanningssektoren, myndigheiter og for sivilsamfunnet elles

Arbeid innan fire tema

For å nå måla i strategiplanen er det lagt opp til arbeid innan temaa

  1. Medlemmar og bidragsytarar
  2. Organisatorisk grunnmur
  3. Norske samarbeidspartnarar og påverknad
  4. Internasjonalt arbeid.

Knytt til kvart tema er det også lagt inn status og mål for byrging og mål i strategiperioden.

1. Medlemmar og bidragsytarar

Status: WMNO har i fleire år hatt låge medlemstal, sjølv om det er mange bidragsytarar på Wikipedia på bokmål og nynorsk. I den førre strategiperioden er det jobba lite med medlemsrøkting og utvikling strategisk eller administrativt.

Mål: I slutten av strategiperioden skal det vera ei jamn medlemsauke som representerar mangfaldet i Noreg, og eit stigande tal på bidragsytarar og andre som vil støtte opp om arbeidet med fri kunnskapsdeling. WMNO skal ha god kjennskap til medlemsmassa, og det skal også vera god rekruttering til styre og utval.

1.1 WMNO skal jobbe for å ha ei mangfaldig medlemsmasse som speglar folket Noreg. I heile perioden skal organisasjonen ha god medlemsrøkting og arbeide for å auke tal på medlemar og bidragsytarar.
1.2 WMNO skal arbeide aktivt med å auke mangfaldet blant bidragsytarane og innhaldet i Wikimedia-prosjekta, med særleg fokus på å få fleire kvinnelege bidragsytarar.
1.3 WMNO skal jobbe kontinuerleg for å vera ein trygg stad for gode diskusjonar for medlemmar og bidragsytarar.
1.4 WMNO skal fortsetje å styrke arbeidet med fysiske og digitale møteplassar for både nye og erfarne medlemmar, og støtte fellesskapet gjennom mellom anna tilrettelegging og fagleg utvikling.

2. Organisatorisk grunnmur  

Status: WMNO er i starten av strategiperioden finansiert hovudsakleg av Wikimedia Foundation og dels av eksterne, tidsavgrensa prosjektmidlar. Dette gjev lite handlingsrom utanom prosjektarbeid. Mange av prosjekta er små, og mykje av arbeidet er vanskeleg å dokumentere og måle.

Mål: WMNO skal i slutten av strategiperioden ha dokumentasjon på alt arbeid som er gjort, utan meir administrativt arbeid enn nødvendig. Prosjektarbeidet skal i større grad vera fleirårige prosjekt som både når fleire og som styrkar kunnskapsarbeidet. Ein større del av finansieringa skal vera frie driftsmidlar som gjev handlingsrom.

2.1 WMNO skal i perioden arbeide med å dokumentere aktivitet og talfeste måloppnåing.
2.2 WMNO skal i strategiperioden arbeide for å auke frie driftsmidlar.
2.3 WMNO skal i perioden arbeide for å få på plass større og fleirårige prosjekt.

3. Nasjonalt samarbeid og påverknad     

Status: WMNO har hatt, og har, fleire prosjekt og samarbeid med aktuelle faglege samarbeidspartnarar nasjonalt. Mange av prosjekta er korte, er ikkje formalisert og fører ikkje til langsiktig samarbeid og kunnskapsoverføring. Det er lite samarbeid med utdanningssektoren. WMNO er lite synleg utanom særeigne fagfelt.

Mål: I slutten av strategiperioden skal ein større del av arbeidet med ABM-sektoren vera formalisert. Det skal ha blitt oppretta samarbeid med utdanningssektoren, og wikiarbeid og kunnskap om fri informasjon gjennom wikiarbeid skal vera ein del av eit formalisert samarbeid. WMNO skal vera meir synleg, og vera ein naturlig høyringspartnar og samarbeidspartnar innan aktuelle tema som fri informasjon og ytringsfridom.

3.1 WMNO skal arbeide for meir formaliserte, strategiske og langsiktige samarbeid med aktuelle eksterne partnarar innan ABM-  og utdanningssektoren.
3.2 WMNO skal i perioden ha ei særleg satsing mot skuleverket med mål om at wikiarbeid skal bli ein del av utdanningsløpet.
3.3 WMNO skal vera ein aktiv part i høyringar og på møteplassar innan aktuelle fagfelt.

4. Internasjonalt arbeid

Status: WMNO er ein del av ein global organisasjon, og har eit stort internasjonalt nettverk av frivillige og profesjonelle samarbeidspartnarar i heile verda. I starten av strategiperioden er det relativt lite informasjon  og kunnskapsdeling som vert delt mellom det norske og det internasjonale nettverket.

Mål: I slutten av strategiperioden har frivillige, bidragsytarar og samarbeidspartnarar i Noreg fått meir kunnskap om internasjonale utfordringar og utbytte av informasjonsflyt og kunnskapsoverføring frå det internasjonale nettverket. WMNO får gjennomslag og støtte for våre idear og tankar i internasjonale samarbeid, og sit sentralt plassert i arbeidet med underrepresenterte språk.

4.1 WMNO skal synleggjere internasjonale utfordringar omkring ytringsfridom og fri kunnskap.
4.2 WMNO skal arbeide for god kunnskapsoverføring mellom internasjonale og nasjonale prosjekt.
4.3 WMNO skal i arbeidet for fri kunnskapsdeling støtte opp om arbeid med underrepresenterte språk internasjonalt, og nasjonalt gjennom arbeid med nordsamisk.