Retningsliner for kontrollkomiteen i Wikimedia Noreg
Oppgåva til kontrollkomiteen er å kontrollere at organisasjonen fungerer etter vedtektenes bokstav og ånd, at vedtaka til årsmøtet blir sett ut i livet, at organisasjonen følger god forretningsorden, behandlar habilitetsspørsmål, og at val går føre seg på ein demokratisk og korrekt måte. Kontrollkomiteen skal framlegge ein eigen rapport på kvart ordinære årsmøte om sitt arbeid og korleis organisasjonen har fungert føregåande år.
Kontrollkomiteen består av minst 2 medlemmer. Kontrollkomitémedlemmer veljast på ordinært årsmøte. Ved behov kan fleire medlemmer veljast inn i kontrollkomiteen mellom årsmøte dersom kandidat føreslått av valkomiteen blir godteke av styret og godteke av kontrollkomiteen. Det blir innkalla til møte i Kontrollkomiteen dersom eit av medlemmene i komiteen, daglig leiar eller Styret krev det. Kontrollkomiteen kan berre fatte vedtak når alle medlemmene i komiteen har hatt moglegheit til å uttale seg.
Medlemmene i kontrollkomiteen har møterett i alle organ i organisasjonen. Medlemmene i komiteen har berre talerett i saker som angår deira arbeidsområde, herunder vedtekter, retningsliner og reglement, organisatoriske saker, tidligare vedtak og formalitetar. Kontrollkomiteen kan krevje å få utlevert protokollar, medlemslister og andre relevante dokument frå alle ledd i organisasjonen. Medlemmene i kontrollkomiteen har teieplikt i alle saker. Kontrollkomiteen kan òg innkalle til møte i Valkomiteen eller Styret dersom det er ei sak den ønsker å ta opp. Innkallingane til komiteen må følge dei vedtektsfesta innkallingsfristane for organet det gjeld.
Opphører vervet for et medlem av kontrollkomiteen før tjenestetiden er ute, skal styret straks kunngjøre dette for medlemmene på en hensiktsmessig måte. Styret skal dersom det finner det påkrevet, innkalle til ekstraordinært årsmøte for suppleringsvalg.