Referat frå årsmøtet i Wikimedia Noreg 25. mars 2017. Årsmøtet fann stad på Work-Work i Munkegata 58 i Trondheim. Møtet byrja kl. 11.00 og vart streama på YouTube.

Konstituering

Godkjenning av innkalling og dagsorden

Innkalling og dagsorden vart samrøystes vedteke.

Godkjenning av røysteretta til medlemmar

15 medlemmar var til stades, og éin fullmakt var gjeve. Tre ikkje-medlemmar var til stades.

Val av møteleiar

Kjetil Ree vart foreslege som møteleiar. Vedtak: Kjetil Ree vart samrøystes vald til møteleiar.

Val av referent

Jon Harald Søby vart foreslege som referent. Vedtak: Jon Harald Søby vart samrøystes vald til referent.

Val av to protokollunderskrivarar

Pål Lilleengen og Erik Fløan vart foreslege som som protokollunderskrivarar.
Vedtak: Pål Lilleengen og Erik Fløan vart samrøystes vald som protokollunderskrivarar.

Årsmelding og orienteringar

Årsmeldinga vart lese opp av styreleiar.

Årsmøtet tek årsmeldinga til etterretning.

Rekneskap for 2016

Årsmeldinga til styret

Punktet fall bort, same som forrige punkt.

Årsmeldinga til kontrollkomiteen

Møteleiar las opp årsmeldinga til kontrollkomiteen.

Årsmøtet tek årsmeldinga til etterretning.

Årsmeldinga til valkomiteen

Punktet fall bort; valkomiteen har ikkje levert årsmelding, og ho skulle uansett vorte teke under neste hovudpunkt.

Revisormelding frå 2016

Revisormeldinga ligg tilgjengeleg på årsmøtesida, ho vart ikkje lese opp i heilskap

Årsmøtet tar revisormeldinga til etterretning.

Budsjett og kontingent for 2017

Årsmøtet vedtek at me held fram med same kontingent i 2017 (100 for studentar og trygda, 200 for andre).

Budsjettforslaget til styret for 2017–2018

Styreleiar orienterer om budsjettforslaget.

Innspill frå møtedeltakarar:

  • Erik Fløan hadde spørsmål om kor stor del av det Wikimedia Foundation (WMF) samlar inn [frå Noreg] som kjem tilbake til Wikimedia Noreg.
    • Svar: Pengane me får frå WMF er uavhengig av det dei samlar inn frå Noreg, og går heller på kva for prosjekt me søker pengar til.
  • Morten O. Haugen hadde spørsmål om kvifor me har rentekostnadar når me har pengar på bok.
    • Svar: Det er lurt å budsjettere med det for sikkrheits skuld, men me skal undersøkje vidare om punktet er naudsynt.

Vedtak: Årsmøtet godtek budsjettforslaget til styret.

Vedtektsendringar

Ingen forslag hadde kome inn innan frista.

Andre forslag

Ingen forslag hadde kome inn innan frista.

Val

Val av nytt styre

Møteleiar las opp innstillinga frå valkomiteen til nytt styre.

Vedtak: Innstillinga til valkomiteen vart samrøystes vedteke av årsmøtet.

Val av revisor

Styret innstiller at me held fram med å nytte Plus Revisjon AS v/ Bent Wessel Eide.

Vedtak: Innstillinga til styret vart samrøystes vedteke av årsmøtet.

Val av valkomité

Innstillinga frå styret til ny valkomité vart lagt fram av styreleiar.

Vedtak: Innstillinga til styret vart samrøystes vedteke av årsmøtet.

Val av kontrollkomité

Innstillinga frå valkomiteen til ny kontrollkomité vart lagt fram av møteleiar.

Vedtak: Innstillinga til valkomiteen vart samrøystes vedteke av årsmøtet.

Takk for oppmøte, ved nyvald leiar

Gjenvald styreleiar, Hogne Neteland, takka for oppmøtet.